Dei som kjem borti eigarskifte i landbruket, gjer dette to gonger i livet. Når dei skal overta ein lanbrukseigedom, og når dei skal selja ein landbrukseigedom.


Begge deler er milepælar i livet, og ein ynskjer å gjera denne overgangen korrekt på alle måtar.
Det fins ingen fasit på eit eigarskifte. Dette vil variera frå familie til familie. Det er difor viktig med gode samtalar innad i familien, og gjerne med ekstern rådgjevar med på møte.


Me kan bistå med å vera med i prosessen, alt frå møter innan familien, hjelp med det praktiske papirarbeidet og rådgjevning innan økonomi/skatt fram til eigedomen har skift eigar.


Me kan også tilby kurs/seminar med eigarskifte som tema.