Vossestrand Rekneskapskontor AS
Dei beste løysingane

Rekneskap, fakturering, lønskøyring, årsoppgjer, sjølvmelding, landbrukstakst, eigedomsoverdraging

Eit autorisert rekneskapskontor som held til på Vinje, veggi vegg med Joker butikk.
Kontoret er godkjent ARS (autorisert rekneskapsførarselskap) og er medlem av RN-Regnskap Norge. Kontoret har også samarbeidsavtale med Bondelaget.

Me legg vekt på å ha dei beste løysingane på rekneskapstenestene våre. Både for kundane og dei tilsette.
Ynskjer du elektronisk rekneskap kan me hjelpa deg å koma i gang.
Me nyttar Duett til rekneskapføring, løn og årsoppgjer. Me bruker og Huldt ogLillevik til løn. I tillegg leiger me serverplass hjå Daldata som ivaretek vedlikehald og sikring av data.Me tilbyr bl.a. rekneskap, fakturering, lønskøyring, årsoppgjer, sjølvmelding, landbrukstakst og eigedomsoverdraging (landbruk). Kundane våre er fordelt på mange ulike bransjar. Me har lang erfaring med enkeltpersonføretak, små og mellomstore bedrifter og landbruksrekneskap.